mandag 23. januar 2012

WII SKIII TUR

Hei bloggen og venner. Idag skal eg blogge om turen vår den 12 januar. Dette var ein skitur til Svartholten. Dei fleste møtte opp på skulen til Kl 0855, eg (hehe) hadde time kl 0800. Lærarane leverte ut spadar og fellesutstyr før me kunne sette oss i bussen som skulle kjøyre oss til Gunvordalen i daln. Når bussen var framme gjorde me oss klare og såg litt på karta før me gjekk. Torgeir og Steinar var dei to personane som var med oss på skituren. Dei var snille.
Ruta 



Sofaen eg og Øystein laga til Lærarane.

Me byrja og gå i roleg tempo og det var ein del som skjedde før me kom i gang. Eg og ein gjeng gjekk fremst med Steinar mesteparten av tiden og brøyte og lagde veg for dei bak som ikkje hadde dei beste fellene etc. Etter litt gåing og litt venting så skulle me eta. Klokka var ca 11. Eg og øystein gravde oss ein fin snøsofa som me satt i. Det var herleg. Torgeir vart messunleg. Han viste ikkje kva han skulle gjere, men så tilbydde han Øystein ei skive med nugatti og Øystein ville ha. Me lagde ein sofa til dei også. Dei sa takk. Før me gjekk videre gravde Steinar ei stor hole ned i snøen slik at me kunne læra og sjå litt om lagdelinga av snøen, me tok ein stikkprøve for å sjå korleis det øvste laget løyste seg ut. PS: TUREN VAR 100% SIKKER.. Me gjekk vidare...

Premien for å lage denne sofan . Øystein tok imot då. Skivene var lagt oppå kvarandre
Det begynte å blese seg opp og været vart litt verre. Me nådde nesten Svartholten før me måtte snu. Tok av fellene og tok turen nedover. Snøen var ikkje den beste akkurat men det gjekk no greit. Det var morro fordiom.
Øystein, Vegard, Ingrid og eg trur eg var dei første som var nede og me satt å venta på bussen som skulle henta oss, og dei fleste rakk bussen trur eg.

Det som var bra med denne turen var at det var kjekt og me koste oss! Ski på skulen, då blir det ikkje mykje betre. HERLEG!!!!  Når det er sagt var det nok berre ein negativ med turen , eller kanskje 2. Det var at eg var ikkje 100% frisk , men det gjekk heilt fint så det var ikkje noko problem alikavell men det negative var at det var ganske dårleg timing. Snøen Torsdag den 12 var ikkje så veldig bra. Dei to dagane etterpå derimot var mykje mykje betre. Jaja. 

gjengeN
Eg føler ikkje at eg lærte så alt for mykje på denne turen. Lærte litt om skred og lagdeling av snø . 
Måla me sette oss for denne turen var:
  • Planlegge, gjennomføre og vurdere turer knyttet til lokal friluftslivstradisjon
  • Behandle og vedlikeholde redskap og utstyr slik at det til enhver tid er i orden
  • Vurdere betydningen av hensiktsmessig bekledning for ulike typer friluftsliv
  • Vise kjennskap til den naturen eleven ferdes i, og praktisere et friluftsliv der hensynet til naturen er overordnet
  • Forklare de mest alminnelige varsler naturen gir oss
  • Ha da kjekt!
sjølv meinar eg at gruppa greidde å gjennomføre alle måla, slik at me fekk ein vellukka tur. Viss eg skal seie noko om meg sjølv syns eg at eg kledde meg heilt rett.

TUREN VAR FIN
OG MORRO

 JAJA TIL SLUTT VIL EG SEIE AT DYKK PÅ FRILUFTSLIVGRUPPA ER VELDIG KULE OG SNILLE.<3

xoxo gossip girl