mandag 5. mars 2012

International blog

sorry all my readers from other countries. I dont write in English. SORRY!!!!

My readers

 Norway
 312
Germany 
4
Russia 
3
South Korea
 2

torsdag 1. mars 2012

Skitur!!

Fredag den 17 skulle me på tur igjen. Dette var ein fag dag i friluftsliv. Me møtte opp med friluftslivlageret klokka 0800. Der fordelte me ut fellesutstyr før me satt oss inn i minibussen og kjøyde til Hodlekve skisenter. Me skulle vere klare til å ta trekket opp kl 09.00. På toppen av trekket gjorde me oss klare og fiksa div. utstyr. deretter såg me ut vegen ved hjelp av kart og kompass og gjekk vidare.

går




(vil berre seie at eg hadde tatt mange bilder av maten eg lagde med min telefon. Den telefonen klikka= eg måtte slette heile minne på telefonen = alle bildene er sletta = 0 bilde av min matlaging på denne bloggen idag) rip

Me starta å gå mot Vardafjellet. Me gjekk veldig seint og eit roleg tempo oppover. Torgeir tulla seg litt. uff og uff for ein tullebukk. Været  vart dårleg og det var veldig dårleg sikt. Me måtte gå opp til eit tree for å snu, fordi Lars olav måtte på do, og han  gå på do på eit tre. Me sklei nedover igjen for å finne ein god og fin plass for å laga mat. Me fant ein vinduderleg plass. Der fiksa me oss ein digg sofa og starta stormkjøkkenet. Me smelta snø som vart omdanna til vatn. Det starta og koke og me tok oppi den tørka maten me hadde me oss. Tørka mat er bra å ha med på tur fordi det kan ikkje fryse, og maten blir lettare og held seg godt. Når eg åt min gode sjølvlaga mat begynte sola å komme. Etter dette laga eg og Øystein eit hopp. Me fekk med oss torgeir og tok eit par hopp før me sklei ned igjen. Me hadde snøball krig heilt nede med vegen der me venta på bussen. Øystein måtte dynkast etter dårlig oppførsel. 1410 var me i Sogndal

KJEMPEBRA MED TUREN : sol tilsutt, veldig morosamt, fekk hoppa, eg lo litt av og til
mindre bra med turen: MÅTTE SNU..:( fekk så vidt gå på ski, dårleg ver i starten




For denne turen satt me opp desse måla:
  • Planlegge, gjennomføre og vurdere turer knyttet til lokal friluftslivstradisjon
  • Vurdere betydningen av et godt kosthold ut fra praktiske og ernæringsmessige forhold
  • Behandle og vedlikeholde redskap og utstyr slik at det til enhver tid er i orden
  • Vurdere betydningen av hensiktsmessig bekledning for ulike typer friluftsliv
  • Gjøre rede for og praktisere de bestemmelsene som gjelder for friluftsliv og allmenn ferdsel i utmark
  • Vise kjennskap til den naturen eleven ferdes i, og praktisere et friluftsliv der hensynet til naturen er overordnet
  • Forklare de mest alminnelige varsler naturen gir oss
  • Ha da kjekt !
Eg føler me greidde å gjennomføre alle måla veldig bra.  Me planlagde turen nesten uten Torgeir denne gongen og det gjekk strålandes. Hovudmålet med turen var nok mat. Eg følte det gjekk veldig bra med min mat og var veldig førnøgd. Eg kledde meg ganske perfekt til veret og turen så det var nice. og seffølgeleg... hehe ... det var ... kjekt!!!!!
fint

Eg vil tilslutt seie at eg hadde ein fin fagdag i det beste faget på studiespes. Ville nok ikkje gjort noko anleis, untatt det me ikkje kunne  gjort noko anleis med. Og det var veldig bra me fekk god tid til matlaginga. alt i alt ein særs bra tur. Takk for meg

hade bloggen.:@

mandag 23. januar 2012

WII SKIII TUR

Hei bloggen og venner. Idag skal eg blogge om turen vår den 12 januar. Dette var ein skitur til Svartholten. Dei fleste møtte opp på skulen til Kl 0855, eg (hehe) hadde time kl 0800. Lærarane leverte ut spadar og fellesutstyr før me kunne sette oss i bussen som skulle kjøyre oss til Gunvordalen i daln. Når bussen var framme gjorde me oss klare og såg litt på karta før me gjekk. Torgeir og Steinar var dei to personane som var med oss på skituren. Dei var snille.
Ruta 



Sofaen eg og Øystein laga til Lærarane.

Me byrja og gå i roleg tempo og det var ein del som skjedde før me kom i gang. Eg og ein gjeng gjekk fremst med Steinar mesteparten av tiden og brøyte og lagde veg for dei bak som ikkje hadde dei beste fellene etc. Etter litt gåing og litt venting så skulle me eta. Klokka var ca 11. Eg og øystein gravde oss ein fin snøsofa som me satt i. Det var herleg. Torgeir vart messunleg. Han viste ikkje kva han skulle gjere, men så tilbydde han Øystein ei skive med nugatti og Øystein ville ha. Me lagde ein sofa til dei også. Dei sa takk. Før me gjekk videre gravde Steinar ei stor hole ned i snøen slik at me kunne læra og sjå litt om lagdelinga av snøen, me tok ein stikkprøve for å sjå korleis det øvste laget løyste seg ut. PS: TUREN VAR 100% SIKKER.. Me gjekk vidare...

Premien for å lage denne sofan . Øystein tok imot då. Skivene var lagt oppå kvarandre
Det begynte å blese seg opp og været vart litt verre. Me nådde nesten Svartholten før me måtte snu. Tok av fellene og tok turen nedover. Snøen var ikkje den beste akkurat men det gjekk no greit. Det var morro fordiom.
Øystein, Vegard, Ingrid og eg trur eg var dei første som var nede og me satt å venta på bussen som skulle henta oss, og dei fleste rakk bussen trur eg.

Det som var bra med denne turen var at det var kjekt og me koste oss! Ski på skulen, då blir det ikkje mykje betre. HERLEG!!!!  Når det er sagt var det nok berre ein negativ med turen , eller kanskje 2. Det var at eg var ikkje 100% frisk , men det gjekk heilt fint så det var ikkje noko problem alikavell men det negative var at det var ganske dårleg timing. Snøen Torsdag den 12 var ikkje så veldig bra. Dei to dagane etterpå derimot var mykje mykje betre. Jaja. 

gjengeN
Eg føler ikkje at eg lærte så alt for mykje på denne turen. Lærte litt om skred og lagdeling av snø . 
Måla me sette oss for denne turen var:
  • Planlegge, gjennomføre og vurdere turer knyttet til lokal friluftslivstradisjon
  • Behandle og vedlikeholde redskap og utstyr slik at det til enhver tid er i orden
  • Vurdere betydningen av hensiktsmessig bekledning for ulike typer friluftsliv
  • Vise kjennskap til den naturen eleven ferdes i, og praktisere et friluftsliv der hensynet til naturen er overordnet
  • Forklare de mest alminnelige varsler naturen gir oss
  • Ha da kjekt!
sjølv meinar eg at gruppa greidde å gjennomføre alle måla, slik at me fekk ein vellukka tur. Viss eg skal seie noko om meg sjølv syns eg at eg kledde meg heilt rett.

TUREN VAR FIN
OG MORRO

 JAJA TIL SLUTT VIL EG SEIE AT DYKK PÅ FRILUFTSLIVGRUPPA ER VELDIG KULE OG SNILLE.<3

xoxo gossip girl