onsdag 7. desember 2011

Turen med Berit , takk Berit for snø

Heisann bloggen:)
kva skjer ?<3
Idag er det på tide å skrive eit nytt blogginnlegg om vår tur til Halsavatnet.... som ikkje gjekk som planlagt.. Planen var å starte turen fra Fretheim, gå over nuken og tilslutt komme ned igjen på Åberge.

Me kjørte buss opp på Fretland, bussjoføren skrudde ikkje ned varmen sjølv om me var godt pakka inn i varme kleder. Det var godt å komme ut frå bussen for å gjere seg klar til å gå. Vi tok opp kompass og kart for å sjå kor me skulle. Eg og vilde fekk skulle lede gruppa framover i starten. Me gjekk litt og følgte vegen oppover. Plutsleg såg me noko kvitt lenger oppe. DET VAR SNØ!!!! Eg trur folk vart glade og fekk ekstra motivasjon til å gå videre. det var meir og meir snø til høgre me kom. Eg har lest nokre av bloggane til andre i friluftslivgruppa som har skrive "været var ikkje med oss", men været vidunderleg og var garantert med oss. Jaja, snøen fylte oss opp med glede mens me hadde kurs mot Nuken, men når me kom til Halsavatnet så vart vinden så sterkt. Det var ho Berit sin skuld... Me søkte ly og åt god mat mens Tooorgeir tok seg ein snue og gjekk litt videre for å sjå om me kunne fortsette turen. Nei var svaret når han kom ned igjen. Me måtte snu. Dette var ikkje planen når me først starta turen frå Fretheim....

Turen tilbake så gjekk me samme vegen og været var veldig variert. Etter me hadde kommet ca halveges på tilbakevegen, skulle me leike litt... Me skulle leike sheriff, og der skaut me folk og døydde. Jaja, Karoline vant skyteleiken på fjellet. Etter leiken tok me oss vidare nedover, det stakk i fjeset pga vinden og snøen. Når me nesten var nede igjen så leitte me etter dekning for å ringe og skaffe skyss fordi me måtte jo snu, og det viste ikkje sjoføren.

Sisteparten av turen så koste me oss litt me leiking og skliing på påsar. det gjekk ok bra. Øystein var dum og leikte kul, han kasta snøballar på alle osv, så nokon måtte gjere noko med det. Håpar han angrar på alt han har gjort. Me kom nermare og nermare Fretland og det vart mindre og mindre snøø :( ..... TUREN VAR TOPP!!!

Eg føler at det meste gjekk bra og alle koste seg. Eg hadde kledd meg heilt perfekt og var akkurat pasleg varm, når me skulle ete tok eg på meg ein flis så eg ikkje frøys som eg tok av meg når eg skulle gå igjen.

Det som gjekk mindre bra for nokon vertfall var været, men det gjekk heilt bra for meg. Og me måtte faktisk snu.. men det øydlagde ikkje turen i det heile tatt. Nokon ganger må man snu, det er ok å snu.

Planlegge, gjennomføre og vurdere turer knyttet til lokal friluftslivstradisjon
· Kle seg hensiktsmessig og lære utstyret å kjenne slik at dette ikkje vert nokon begrensing for turen.
· Praktisere bestemmingar for friluftsliv og allmenn ferdsel i utmark og ta hensyn til naturen me ferdast i. Ha da kjekt!
Var måla for turen, eg syntes dei fleste måla var fullførte, og bekledning var perfekt. Men me måtte snu så er ikkje sikkert me fulltførte dette måle maksimalt.

Eg følte gruppa fungerte veldig bra og hjalp kvarandre når det var trang for det.

Eg følte eg deltok i det meste som gjekk an å delta i.

Takk for meg lesara. Dette var alt for idag og om turen vår den 25 november! Takk for at dykk les min blogg, håper du likte den ..

snakkes då <3
eg har lovd dykk ein videoblogg men den kjem ikkje enda, vent i spaning...!!! <3

torsdag 15. september 2011

Tur til fjærlandssete 07.09.11 – 08.09.11

Tur til fjærlandssete 07.09.11 – 08.09.11


Hei hei hei BLOGGEN!!! <3



Gruppa på tur!


No skal eg skrive om vår flotte tur til fjærlandssete. Det heile starta med ein buss tur opp til øvstedalen. Det var litt trangt i bussen men det gjekk fint. Når me nådde parkeringsplassen i øvstedalen der me skulle byrja å gå. Så tok me ein kjapp repetisjon om kart og kompass. Gruppe 1 starta å leda gruppa til rette vegen til fjærlandssete. Det var litt bratt i starten og me møtte nokre husdyr. Det flotte terrenget flata seg medan me gjekk. Me tok ein matpause på Furesete. Det var godt med litt mat og samle opp att litt energi  til resten av turen.  



Når me kom opp skulle me finne ein bra plass å slå opp telta. Då tok eg og Øystein oss ein springetur rundt om på Fjærlandssete og fant tilslutt ein bra plass. Me fekk opp telta ganske kjapt og det gjekk fint. Det byrja å hølje ned med regn så me bestemte oss for å få på oss tørre kleder og legge oss inn i telta med teltgruppene eit par timar.


Som eg sa, nokon såv.





Etter nokon hadde tatt seg ein liten blund og nokon hadde våre vakne, så letta været og Torgeir bestemte at alle skulle ta seg tid til å fiske litt. Det var dårleg med fisk i dette vatnet. For her fekk ingen fisk.
hehe





Øystein ser utover den fine utsikta 
ser utover
Deretter tok eg og Øystein ein gåtur opp ein fjelltopp, der me fekk god oversikt over campen vår og ned Njøsadalen i andre enden. Det såg ut som friluftslivgruppene våre var starta å laga mat, så vi tok til å springe ned igjen for å rekke middagslaginga. Me kom ned til campen, og då starta me å laga middag. Gruppa mi lagde taco. Det smakte veldig godt med litt mat no, spessielt taco. Me brukte stormkjøkken. Etter middagen koste me oss med litt humor og nokre flotte gåter. Øystein var best å løyse desse gåtene, bra me var på gruppe på dette tidspunktet. ALLE VAR KJEMPE GLADE!:D sjølv om det var ein del regn i været, då hjelp det med litt varm kakao! Me la oss ca i 23.00 tida.








Me skulle stå opp kl 08.30 neste dag. Me vart litt seine så det blei nok utsett til kl 09.00. Deretter lagde me oss god frukost og pakka ned telta og var klar for avreise ca kl 1030. Dette var litt seinare enn planlagt.  Me gjekk og kom til ein plass der me fant litt molte, tok oss ein liten pause for å ete litt molte, noko eg ikkje likar. Videre gjekk me og kom til Fagereggivatne, der fiska me litt men hadde litt dårleg tid fordi me sto opp litt seinare enn planlagt, og me skulle rekke ein buss som gjekk kl 14.00 frå Hodlekve. I dette vatnet fekk Torgeir napp på kroken, dette var ein liten fisk. Han viste oss korleis me sløydde den. Me tok oss ein liten matbit her også for å piffe opp igjen energien. Me gjekk nedover, farten var ganske stor. Etter litt leiting, gåing og hopping over gjerder, fant me endeleg grusvegen. Som førte oss ned til busstoppet, som var vår siste post. Då var det berre å ta bussen ned til sogndal og turen var veldig, veldig vellykka!:)




Kva var målet med turen ?
Måla med turen var følgane:



- Planlegge, gjennomføre og vurdere tur med overnatting ved vatnmiljø.
- Kle seg hensiktsmessig og lære utstyret å kjenne slik at dette ikkje vert nokon begrensing for turen.
-  Praktisere bestemmingar for friluftsliv og allmenn ferdsel i utmark og ta hensyn til naturen me ferdast i.
- Få meir erfaring med korleis ein planlegg ein tur.
- Ha da kjekt!


-       -Eg syns alle måla vart fullførte og var ein velykka tur.


Det meste var bra, me koste oss, alle hadde bra humør. Det kunne ha vært betre vær men dette gjorde ikkje så veldig masse. Me var tørre når me var inni teltet.
Eg lærte korleis me brukte eit stormkjøkken. Fekk repetera korleis me satt opp telt og sløydde fisk. Lærte også at eg skal ta med meg litt meir klede til neste gang. Hadde med fire plastikkposar og tenkte det hold, men skal nok ha med 10 stk neste gang.
Alt i alt var det ein velykka tur og det var veldig kjekt! Alle var glade og me lo masse.


Neste gong blir det spørsmålrunde, så det er berre å byrje å starta å planlegge lure spørsmål. Blir også VIDEOBLOGG !!!!!!!!!!!!!!!!!!!


HADE BLOGGEN!!<3