Tur til fjærlandssete 07.09.11 – 08.09.11
Hei hei hei BLOGGEN!!! <3
 |
Gruppa på tur! |
No skal eg skrive om vår flotte tur til fjærlandssete. Det heile starta med ein buss tur opp til øvstedalen. Det var litt trangt i bussen men det gjekk fint. Når me nådde parkeringsplassen i øvstedalen der me skulle byrja å gå. Så tok me ein kjapp repetisjon om kart og kompass. Gruppe 1 starta å leda gruppa til rette vegen til fjærlandssete. Det var litt bratt i starten og me møtte nokre husdyr. Det flotte terrenget flata seg medan me gjekk. Me tok ein matpause på Furesete. Det var godt med litt mat og samle opp att litt energi til resten av turen.
Når me kom opp skulle me finne ein bra plass å slå opp telta. Då tok eg og Øystein oss ein springetur rundt om på Fjærlandssete og fant tilslutt ein bra plass. Me fekk opp telta ganske kjapt og det gjekk fint. Det byrja å hølje ned med regn så me bestemte oss for å få på oss tørre kleder og legge oss inn i telta med teltgruppene eit par timar.
 |
Som eg sa, nokon såv. |
Etter nokon hadde tatt seg ein liten blund og nokon hadde våre vakne, så letta været og Torgeir bestemte at alle skulle ta seg tid til å fiske litt. Det var dårleg med fisk i dette vatnet. For her fekk ingen fisk.
 |
hehe |
 |
Øystein ser utover den fine utsikta |
 |
ser utover |
Deretter tok eg og Øystein ein gåtur opp ein fjelltopp, der me fekk god oversikt over campen vår og ned Njøsadalen i andre enden. Det såg ut som friluftslivgruppene våre var starta å laga mat, så vi tok til å springe ned igjen for å rekke middagslaginga. Me kom ned til campen, og då starta me å laga middag. Gruppa mi lagde taco. Det smakte veldig godt med litt mat no, spessielt taco. Me brukte stormkjøkken. Etter middagen koste me oss med litt humor og nokre flotte gåter. Øystein var best å løyse desse gåtene, bra me var på gruppe på dette tidspunktet. ALLE VAR KJEMPE GLADE!:D sjølv om det var ein del regn i været, då hjelp det med litt varm kakao! Me la oss ca i 23.00 tida.
Me skulle stå opp kl 08.30 neste dag. Me vart litt seine så det blei nok utsett til kl 09.00. Deretter lagde me oss god frukost og pakka ned telta og var klar for avreise ca kl 1030. Dette var litt seinare enn planlagt. Me gjekk og kom til ein plass der me fant litt molte, tok oss ein liten pause for å ete litt molte, noko eg ikkje likar. Videre gjekk me og kom til Fagereggivatne, der fiska me litt men hadde litt dårleg tid fordi me sto opp litt seinare enn planlagt, og me skulle rekke ein buss som gjekk kl 14.00 frå Hodlekve. I dette vatnet fekk Torgeir napp på kroken, dette var ein liten fisk. Han viste oss korleis me sløydde den. Me tok oss ein liten matbit her også for å piffe opp igjen energien. Me gjekk nedover, farten var ganske stor. Etter litt leiting, gåing og hopping over gjerder, fant me endeleg grusvegen. Som førte oss ned til busstoppet, som var vår siste post. Då var det berre å ta bussen ned til sogndal og turen var veldig, veldig vellykka!:)
Kva var målet med turen ?
Måla med turen var følgane:

- Planlegge, gjennomføre og vurdere tur med overnatting ved vatnmiljø.- Kle seg hensiktsmessig og lære utstyret å kjenne slik at dette ikkje vert nokon begrensing for turen.
- Praktisere bestemmingar for friluftsliv og allmenn ferdsel i utmark og ta hensyn til naturen me ferdast i.
- Få meir erfaring med korleis ein planlegg ein tur.
- Ha da kjekt!
- -Eg syns alle måla vart fullførte og var ein velykka tur.
Det meste var bra, me koste oss, alle hadde bra humør. Det kunne ha vært betre vær men dette gjorde ikkje så veldig masse. Me var tørre når me var inni teltet.
Eg lærte korleis me brukte eit stormkjøkken. Fekk repetera korleis me satt opp telt og sløydde fisk. Lærte også at eg skal ta med meg litt meir klede til neste gang. Hadde med fire plastikkposar og tenkte det hold, men skal nok ha med 10 stk neste gang.
Alt i alt var det ein velykka tur og det var veldig kjekt! Alle var glade og me lo masse.
Neste gong blir det spørsmålrunde, så det er berre å byrje å starta å planlegge lure spørsmål. Blir også VIDEOBLOGG !!!!!!!!!!!!!!!!!!!
HADE BLOGGEN!!<3